mandag 4. mars 2013

HEKLA OG STRIKKA BABYTØFLER.

Har laga nokre par tøfler til små damer.


Inspirasjon frå ein blogg, frå Drops design og mønster frå Familien.


Denne mønstra fann eg i Familien nr. 1 - 2012. 
Eg brukte bomullsgarn Tuva og heklenål 3, 5. Desse måtte eg lage litt større enn i oppskrifta.


Oppskrifta eg tok utgangspunkt ifrå fann eg på bloggen Hjerte GO`H Design.
Måtte forstørre denne også, då dei første eg strikka var for små.
Brukte baby ull og Drops Fabel melert på pinnar nr.3.
Eg strikka den rundt på strømpepinnar. Då slepp eg saum midt bak.
Så strikka eg ein rett og ein vrang på heile skaftet. Har brukt to fargar og strikka inn nokre omgangar til reim og kontrastfarge rundt om og til sålen slik at det skal sjå ut som tøfler / sko.
Til slutt sette eg på knappar.
Veldig enkel og rask å strikke.
Har fått gode tilbakemeldingar på desse. Dei sit godt på foten.


Mønster frå Drops Design. 
Strikka i Drops Fabel melert på pinne nr.3 og heklekant med baby ull.

Når ein strikkar så små plagg med melert garn kan det hende at det kjem eit langt parti med t..d rosa som på denne farge eg har brukt. Då kan det bli at eine tøfla blir berre rosa medan den andre kan bli i mange fargar. Det eg har gjort då er å klippe vekk ein del av det rosa for å få litt av kvart i begge tøflene. Det eine paret med knapp passa det seg slik at dei vart stort sett rosa og lilla begge to, men under er den eine meir farga. Vart litt artig det synest eg.

¤ ¤ ¤

Kor kjekt med alle besøk og koselige tilbakemeldingar dåkke gir....tusen takk!!!
Veldig inspirerande.

Nye medlemmar har også kome til......Hjartelig velkomne. Kjekt at dåkke vil følge meg.


Ha ein trivelig dag og nyt vårlyset.

Klem frå MarJE.

15 kommentarer:

  1. Helledussan så nydelige de er! Du er så flink med håndarbeide :-)
    Tenker at de som får de der er veldig heldige.
    Ha en fortsatt fin dag!
    Klem

    SvarSlett
  2. Oij, her var så mange fine variantar. Eg tenkte å lage tøfle av den melerte tråden, vart ikkje mykje melert i vottane. Eg drog tråd i massevis både frå midten og utanpå, men berre rosa, med litt innslag av blått så det vart lillaskjær.
    Men kva for nokre tøfler skal eg lage ? Det må vere enkelt for meg, er ingen ræser. Tips..
    Familien med lisjepia var på besøk i går, eg festa endane og ho fekk vottane på seg når dei for. Gløymde å ta bilde av dei ferdig.
    Ha ein fin dag !
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha, det er ei stund sidan eg prata med ei surpesara :)
      Takk for godt tips :)

      Slett
  3. Noe så søtt, nydelig og bedårende!

    SvarSlett
  4. Hællan dussan, så søte!

    SvarSlett
  5. Så utrulig søtt og nusselig! Og bittelite!!
    Og så mange forskjellige sortar då!!
    Eg er stum av beundring over kva du får til med strikkepinnane dine.
    Skjønnar ikkje kor du får til å lage slike små kreasjonar!
    Det er ikkje for mine fingrar i allefall;)
    Ha ein fin kveld, MarJE!
    Klem frå meg

    SvarSlett
  6. Her inne fant jeg mye fine saker la meg like godt til som følger her :-) . Ser du har laget flotte babysko. Ha ei fin uke!

    SvarSlett
  7. Så nydelige tøfler :) Sånne kan komme til å havne på strikkelista :D

    Takk for hyggelig kommentar i bloggen min :)
    Ps. Jeg er oppvokst i Ulsteinvik ;)

    Ha en trivelig uke :)

    SvarSlett
  8. Heldige små føtter som skal få pynte og varme seg i disse; så flotte!!

    Nyt mars videre, klem fra mæ;)

    SvarSlett
  9. Morsom vri på iina-sokkene!Kjempesøtt med kontrastfarge og knapp!! Men du er den første jeg har hørt om som må forstørre oppskriften, du stikker ganske fast du da, tenker jeg. Men fin eble dem, åkke som :)

    SvarSlett
  10. Åååå, så nydelige små sokker!! :-)

    SvarSlett
  11. Så søte de var,du er kjempeflink.
    Skjønne farger også. :))
    Ha en flott uke.
    Klem Mette.

    SvarSlett
  12. De var jo bare kjempesøte:-) Klem Marianne

    SvarSlett
  13. Helledussen...for noen nydelige sokker!
    Og de små som får bruke de er sååå heldige:)
    Takk for hyggelig hilsen:))

    SvarSlett