mandag 15. september 2014

BRUDEBUKETT AV BLOMAR FRÅ HAGEN.

Jammen snart to månadar sidan eg var på bloggen sist. Det har vore så fint at tida har blitt brukt til uteaktivitetar. Fortsatt har vi nydeleg ver og hagen blømer nesten meir enn den gjorde i sommar.
Men sjølv om det er fint kjenner ein at lufta har forandra seg og inneaktivitetane er på gang.
Har til og med fått eit par prosjekt på strikkepinnane. Så det er håp fortsatt.......

Men no over til brudebuketten.....og sommarens store begivenheit hjå oss.
Siste sommarhelga 30. August gifte vår dotter seg. 
I den anledning bestilte ho brudebukett av mor som skulle ver laga av blomar frå hagen.
Når du får eit slik oppdrag lang tid i forvegen er det lett å sei ja uten at du heilt tenker over kva det inneber. 

Mykje vart sådd i vår med tanke på at det skulle ver litt å velge i. Slik som sommaren har vore i år med sol og varme dagar var det meste veldig tidlig ute med bløminga. Eg frykta at så seint i sesongen kunne det bli lite å velge. Prøvde å ymte frampå at visst det vart magre tider i hagen måtte eg nok på handel. Men nei, det skulle brukast av det som var tilgjengeleg i hagen.
Og slik vart det.


Som tradisjonane seier skal det ver litt frå mor og litt frå svigermor o.s.v.
og slik vart det i buketten.

Bruda hadde 60 tals kjole med litt omsydde og fornya detaljar så buketten måtte ha litt retro i seg.


Understellet eller grinda vikla eg av ståltråd. Laga det slik at det var fullt med krusedullar og det var synleg rundt buketten. Ser det her i nederste kant av biletet. Snurra ståltråden rundt eit kosteskaft, drog det ut litt og bretta det i fasong.
For å få det stabilt tredde eg ståltradar opp og ned over heile flata i eit kryss og lagde handtak av det.
Forma såg ut som ein paraply.


Her fekk vesle Ella kome opp til mor og far å holde buketten.
Knappholsblomen til brudgom, far og forlovarane laga eg i same stil. Der snurra eg strengen rundt ein blyant så det vart i mindre format.
Her var det brukt eit hostablad " June " ( viser litt dårleg frå denne sida ) , litt av det grøne som eg kalla brudeslør og to centaurea " black boy ". 


I brudebuketten er det 5 Rudbeckia " Autumn colors ". Dei er i mange fargevariantar. Eg brukte av dei mørkaste. Syrinhortensia  Hydrangea paniculata "Limelight" . Tofarga Hostablad med avlang form og så fekk eg nappe av ei plante frå svigermora til bruda det grøne brudesløret. 
Som trekk over stilkane brukte eg restar av stoffet til brudekjolen. Sydde ein smal pose og surra til slutt med silkeband.


Kjærleikens teikn HJARTET måtte også vere med.
 Dobbel streng som eg surra og forma til slutt.

Brosja på kjolen er laga i same stil som grinda til buketten. Der tredde eg perler på strengen for at det skulle passe til dei andre detaljane der.

Helgegleder som eg deler hjå Vivishagerom og litt til.....

MarJE

16 kommentarer:

  1. Dette er noko av det vakraste eg har sett !
    Du er ein multikunstnar du MarJE !
    Sydde du kjolen òg kanskje ?
    Flott tid å feire bryllaup på, iallfall i år med det fantastiske veret.
    Det er utruleg kor det varer, veke etter veke. Det blir nokre fjellturar,
    og aktivitetar ute. Fine fargar i nàturen er i ferd med å kome.
    Nyt dagane .
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Så nydelig :) Flink og kreativ dame du altså.

    SvarSlett
  3. Fantastisk flott bukett Elin!!!
    Fargene likte jeg sååå godt...flink du er:)
    Og gratulerer med bryllupet ..nydelig sommer på dine kanter også,flott når det blir slike store begivenheter også:)

    SvarSlett
  4. Kjempefin bukett! Og hyggelig å ha deg tilbake :-))

    SvarSlett
  5. Flottaste brudebuketten ej he sett i heile mitt liv :-D tusen takk!!

    SvarSlett
  6. Fantastisk flott bukett. Skulle ønske jeg hadde en slik, da jeg giftet meg.
    Super helgeglede. Tusen takk for at du delte!
    Ønsker deg en fin ny uke. Klem Vivi

    SvarSlett
  7. Nydelig bukett! Du er så flink til alt du gjør. Blir helt matt av alt du får til :-)

    Klem fra Marit

    SvarSlett
  8. jeg er tilbake etter en bloggpause.
    Brudebuketten med tilbehør fra hagen din ble VAKKER!
    Helt nydelig! Måtte lese flere ganger!

    SvarSlett
  9. Imponerende! Den var utrolig flott!

    SvarSlett
  10. Nydelig!! Jeg er mektig imponert!

    SvarSlett
  11. Først av alt: Så utrolig koselig å ha deg tilbake igjen Marje! Gratulerer så mye med overstått brullyp for datteren din. Stor stas! For en fantastisk bukett du har laget til henne, fylt med kjærlighet og glede.

    SvarSlett
  12. OJ! Så flott bukett, flott kjole m.m.
    Forstår at du har hatt nok å henge fingrane i med i sommar.

    Kjekt ha deg tilbake.
    Det er lov med pauser.
    For blogging skal vere glede og ikkje plikt.

    God natt :-)

    SvarSlett
  13. En utsøkt bukett med skjønne farger! Skjønner godt at dattera insisterte :-)

    SvarSlett
  14. Så fin brudebukett!! Du er utrolig kreativ og flink!! :-)
    Gratulerer til brudeparet! :-)

    SvarSlett
  15. Så nydelig bukett !!!
    Jeg er mektig imponert ....
    For et ærefullt oppdrag å få .
    Fantastisk for både mor og datter .
    Har måtte lese og se bildene flere ganger .

    Gode høstdager til deg
    Klem Anne

    SvarSlett
  16. Wow! Så kreativt og personlig.

    SvarSlett