onsdag 8. oktober 2014

KONFEKTEPLEKAKE MED OPPSKRIFT.

Med enorme mender eple i år blir det ei stund før lageret er tomt.
Vi har plukka i kasser og bøtter, gitt vekk men likevel var det umuleg å klare å ta vare på alle epla.
Synd å sei det men både varmkomposten og den vanlege hagekomposten har fått store forsyningar.

Mange eplekaker har det blitt.
I dag prøvde eg ei heilt ny oppskrift og kaka smakte fortreffeleg : )


Uten eple blir det ikkje kake. Desse henta eg frå lageret i drivhuset.


 Her er alt du treg for å lage kaka. Ikkje mykje oppvask blir det heller : )

KONFEKTKAKE.

4 egg 

2 små koppar sukker

1 kopp kv.mjøl

1 ts. bakepulver

1 ts. vaniljesukker

Ha alt i bollen og mix på full styrke i 1/2 time. Del 5 / 6 eple i bitar og legg dei i botnen av ei rund kakeform. Strø kanel over og eventuelt hakka mandlar og rosiner.
Hell røra over epla. Steik på nederste rille ca. 1 time på 180 grader.
Snu opp / ned når den er ferdig.

¤

I oppskrifta stod det at kaka var søt og god så då ville eg prøve å justere sukkermengda litt.
Tok ein kopp i staden for to og det var søtt nok. Men dette er selvfølgeleg ei smakssak.
Neste gong eg lagar den vil eg drysse på meir kanel og ha ein god del meir rosiner i.
Eg steikte den i ca 55 min på 170 grader. Det er forskjel på kor sterke ovnane er.



Fotolyset var ikkje det beste no i mørkna, men kaka smakte fortreffeleg.


Ein heilt spesiell fløyelskonsistens. Server gjerne med krem eller is.
Det hadde eg ikkje i kveld men den smakte godt likevel.

Oppskrifta fann eg hjå annirenspz på instagram.


Kanskje nokon freista å lage kake : )

MarJE



10 kommentarer:

  1. Den kaken så bare så utrolig deilig ut! Jeg får rett og slett ta meg et stykk naturell eple. Det var det som var for hånden i kveld :-)) Fortsatt fin uke!

    SvarSlett
  2. Åh! Den såg god ut :-)
    Takk at du deler!

    SvarSlett
  3. Namm, kaka ser himmelsk god ut.
    Men mixar på fullt 1/2 time høyrest støyande ut, eg må gå meg ein tur ut medan den held på.
    Kor heldige du er som har så mykje epler. Me kjøpte av ei lokal dame som køyrede rundt i hyttefeltet og selde i går. Eg laga berre ei enkel smuldrekake med epler i dag. Den fekk føte å gå på ;)
    Ha framleis fine haustdagar.
    Klem

    SvarSlett
  4. Den så god ut:-) Eplekaker er alltid populære:-) Ha en fin kveld! Klem Marianne

    SvarSlett
  5. Mmmmm....den så veldig god ut og kjekt med at den blir servert opp ned akkurat som en tart tatin.

    SvarSlett
  6. Så koselig å innom bloggen din igjen=) Travle dager har gjort at det ble en liten bloggpause her. Ønsker deg ei fin helg=) Vibeke

    SvarSlett
  7. Kaka ser god ut og det høres ut for at det er grei å bake også! Tror jeg må prøve oppskrifta di.
    Ha ei riktig god helg! :-)

    SvarSlett
  8. Takk for flott oppskrift! Den må bare prøves. Den så enkel og grei ut å lage også :)

    Klem fra Marit

    SvarSlett
  9. Do you need free Facebook Likes?
    Did you know that you can get these ON AUTOPILOT & TOTALLY FREE by using Like 4 Like?

    SvarSlett